

Torsken leikar seg mellom tang og tare. Havørna siglar lydlaust over knausar og skjer. I buskane kvitrar kjøtmeisen, medan røyskatten skvett unna. Bak kajakken tittar ein forviten selunge opp or bølgjene med trillrunde, svarte auge.
I dette natureldoradoet på Kråko på vestsida av Fitjar, mellom Haugesund og Bergen, ut mot dei vidgjetne Fitjarøyane, har du no sjanse å skaffa deg hytte. Og realisera feriehus-draumen. Med reiskapsbu ved sjøen og båtplass. Nær naturelementa, samstundes bilveg heilt fram. Likeeins offentleg vassforsyning, straum, fiberoptisk breiband, telefon og avlaup. Alt du treng. Jamvel golfbane og flyplass berre ein kort biltur unna. 10 minutt til handelshus.
Dei første arkitektteikna fritidsbustadene på Vesthaugane er no innflytta. Sjå fleire bilete (mars, april, mai, juli, september, november 2008). Og 360 graders panorama som viser hektisk, vinterleg aktivitet med nye hytter. Salet går unna, men framleis er det plass for draumane dine. Du er velkomen til ein uforpliktande prat og omvisning, om du ynskjer det. Anten du er på jakt etter tomt eller nøkkelferdig prosjekt. Ta kontakt med
Rasmus Fitjar
Havnahagen 23
5419 Fitjar
Tlf. 53 49 74 34
Mob. 918 24 158
epost: vesthaugane@rasmusfitjar.no