Vesthaugane, området
Tomter og fritidsbustader for sal

Kråko Sjøhytteområde ligg i Fitjar kommune, nordvest på øya Stord. 2 timers tur frå Bergen i nord og frå Haugesund i sør. 20 min frå flyplassen Stord lufthavn med daglege ruter til/frå Oslo. Golfbane 9 hol på Leirvik ca 30 min. biltur, og 18 holsbane i Sveio, ca 40 min å køyra. Fitjarøyane med 365 øyer, holmar og skjær og med eit flott kulturlandskap og gode fiskeplasser ligg rett utafor hytta. Det 5 km lange og vakre Storavatnet med Kjærelva ligg kloss i området. Der nappar røye og aure heile året. Fine turstier fører deg inn i eit utruleg flott fjellområde, opp mot 700 m. Fitjar er ein kommune med ca 3000 innbyggarar der tettstaden Fitjar sentrum ligg ca 4 km frå området og byr m.a. på eit svært breidt varetilbod, bank, post, idrettspark, kultur- og idrettshall og kulturaktivitetar.
I øyane kring Kråko finn du Smedholmen Kyst og Naturlivsskule og den gamle handels og gjestgjevarstaden Engesund. På Ålforo samlar Hatlevikbasaren mange hundre ferierande første laurdagen i juli.

Hytteområdet ligg høgt og fritt med panoramautsikt og fantastiske solforhold. På Vesthaugane gjer det lett kuperte landskapet sitt til at hyttene ligg mykje godt ute av syne for kvarandre. Ein vil frå dei fleste tomtane ha sol frå tidleg morgon til den går ned i vest seint om kvelden.

På Vesthaugane har me plassert ut benkar, slik at du kan ta ein kaffipause og kvil medan du nyt utsikten. Ynskjer du tomt og hytte, kan det vera lurt å ikkje venta for lenge med å ta ein prat om det.

Kart som viser Kråko-området , Fitjar, Hordaland.

Framside

Hyttene

Tomtene

Området

Galleri

Reportasje

Lenker

Om oss

norsk

engelsk

Tysk flagg


Vesthaugane hyttegrend:
Fritidsbustader til sals på Kråko, vest for Fitjar sentrum. Mellom Haugesund og Bergen.
Rasmus Fitjar, Havnahagen 23, N-5419 Fitjar, Norway.
Tlf +47 53497434, mobil +47 918 24 158
vesthaugane@rasmusfitjar.no
nettsidestyrar og nettsideutforming: Stein Erik Gilje
Området