Vesthaugane hyttegrend, tomtene
Tomter og fritidsbustader for sal

Rasmus Fitjar har eit fantastisk utbyggingsareal for nøkkelferdige arkitektteikna fritidsbustader i Kråko Sjøhytteområde. Og det går unna. Berre halvparten av dei 26 tomtene er att for sal. Det er framført veg, vatn, avløp, straum og fiberoptisk breiband. Utbyggingsplanen, som er godkjend av kommunen, kan du lasta ned i pdf-format (3,8mb).


Klikk på kartet over for å få tomteoversikt, sjå bilete frå tomtene og nokre filmglimt.
Dei første fritidsbustadene står ferdige. Tomtene er på ca 0,7 - 1 mål og vert sjølveigande. I båthamna ved naustområdet kan ein leiga båtplass og låsbar reiskapsbu. Dei fleste tomtene er byggjeklare. Tomt nr 1, 2, 4, 5, 8, 9, 10 og 11 ynskjer me selja utan byggjeklausul. Dei andre vert selde med nøkkelferdige fritidsbustader av høg standard. Og det er rom for endringar og personlege val før me går i gang med ditt prosjekt.
Me har arkitektteikna skisseforslag for tre ulike hyttetyper tilpassa terrenget . Dei fleste tomtene skal byggjast ut med denne typen hytter.
Ta kontakt for ein uforpliktande prat.
Hytteområdet ligg høgt og fritt med panoramautsikt og fantastiske solforhold. Ein vil frå dei fleste tomtane ha sol frå tidleg morgon til seine kvelden.
Hyttene er lagt ut for sal gjennom Eiendomsmegler Vest AS ved Bente Salamonsen (94783555).

Over: Skisse av området, med innteikna terrengtilpassa fritidsbustader, sett frå sjøen. Sundet her kallast frå gammalt Hundsryggjeploven og ligg veldig lunt og fint til, inst i Fitjarøy-området.
Bilete sett frå nokre av tomtene fotografert frå utbygginga kom i gang: tomt 13, tomt 6, tomt 17, tomt 19, tomt 7

Ynskjer du sjå glimt av korleis det ser ut no, kan du sjå oversiktsbilete og foto av hytter.

nettsidestyrar og nettsideutforming: Stein Erik Gilje
Framside

Hyttene

Tomtene

Området

Galleri

Reportasje

Lenker

Om oss

norsk

engelsk

Tysk flagg


Vesthaugane hyttegrend:
Fritidsbustader til sals på Kråko, vest for Fitjar sentrum. Mellom Haugesund og Bergen.
Rasmus Fitjar, Havnahagen 23, N-5419 Fitjar, Norway.
Tlf +47 53497434, mobil +47 918 24 158
vesthaugane@rasmusfitjar.no
Tomtene